Det er mangel på spelarar i 14-16-årsklassa i Vestnes dette året, og før første gong på det me kan huske har ikkje klubben lag i 11-serien. Det er i staden påmeldt eit lag i 7-arserien. Det er til overmål i samarbeid med Tomrefjord, som også slit med få spelarar i dei aktuelle årgangane. Laget sesongopna mot Bryn på bortebane tirsdag og vann heile 18-1. Jørgen Hovde, som spelar på A-laget til Vestnes Varfjell, er trenar for laget. Målskårar (manglar etternamn): Michael 6, Simen 4, Juan 4, Henning, Kristoffer, Elias og Stian 1. Bildet viser laget på veg til kamp. Foto: Jørgen Hovde.
G16 opna med storseier
- Detaljer
- Skrevet av: nettredaksjonen
- Kategori: Nyheter