Vestnes Varfjell spelte onsdag 3-3 borte mot Molde 2 i G16 1. divisjon. David Sissko (2) og Sondre Adrian Tomren var målskårarar på Molde kgb. Sissko sine to mål kom etter flott kontringsspel, medan Tomren sendte i veg ein frekk lobb over keeper frå langt hald. Vestnes Varfjell leia lenge 3-1 i andre omgang, men vart sett under hardt press.  MFK reduserte ein gong, og det såg ut til at våre gutar skulle stormen av. På overtid bidrog dessverre ein kommunikasjonssvikt i bakre ledd for at MFK 2 greide å sette inn utlikinga. Uansett eit sterkt resultat i ein godt gjennomført bortekamp mot eit lag Vestnes Varfjell tapte klart mot tidlegare i vinter. Neste kamp er heime mot Surnadal laurdag klokka 14. Også G14 7-ar spelte 3-3 onsdag, dei møtte serieleier Gossen på heimebane. Magnus Lindset, Daniel Honningdal og Adrian Skorgenes var målskårarar.