Fotballkretsen har klart kvalik-oppsett for NM og 1. divisjon G16. Vestnes Varfjell møter Sunndal 1, Molde 2, Nordlandet og Åndalsnes. Berre dei tre puljevinnarane går direkte til regionale NM-runder, toarane gjer opp om dei to siste plassane i ny enkeltserie. Laga som  ender frå 1. til 3. plass går til 1. divisjon, pluss eitt 4-arlag etter ny enkeltserie mellom desse. Vestnes Varfjell startar heime mot Åndalsnes onsdag klokka 19.  Heile oppsettet finn du her. Alexander Connor er trenar for G 16 der stammen i laget kjem opp frå det gode G14-laget som vart kretsmeister i 9-arserien dei to siste sesongane.