Christian Leikarnes (Foto: Asbjørn Vik)
Christian Leikarnes
Vestnes Varfjell vann både gull og bronse i guteklassen i Måndalscup laurdag. Christian Leikarnes avgjorde i sudden death etter at det sto 0-0 etter ordinær tid i finalen mot Åndalsnes, eit lag Vestnes Varfjell tapte 1-2 mot i innleiande kampar. I bronsefinalen vann Vestnes Varfjell 2 2-1 mot Midsund etter ei avgerande skåring rett før slutt. Sju lag deltok i cupen som vart spelt på kunsgras i Måndalshallen. Gossen vann jenteklassen føre Fiksdal/Rekdal, Vestnes Varfjell deltok ikkje i denne klassen. Les meir om turneringa på nettsidene til Måndalen. Sjå bilde av vinnarlaget og vinnarmålet på nettsidene til Åndalsnes.