Vestnes Varfjell har fått tilbod frå kretsen om å ta over ein ledig plass i kvalifiseringa til NM for G16-lag. Det er Rival som har trekt seg, slik at det er ledig plass i pulje med Clausenengen, Eide, Træff og Åndalsnes. I den andre gruppa spelar Molde, KFK, AK, Sunndal og Surnadal. To lag frå kvar gruppe går vidare, trearane går til omspel om den siste plassen. Kampane skal vere spelt innan 15. april. Les meir på kretsen sine sider.
Dersom Vestnes Varfjell takkar ja, tar
laget over Rival sin plass i kampoppsettet. Det betyr dette
kamprogrammet:
Måndag 8. mars Eide (b)
Tirsdag 16. mars CFK (b)
Måndag 22. mars ÅIF (h)
Måndag 29. mars Træff (b)
Vestnes Varfjell blir i tilfelle einaste lag med berre ein
heimekamp, Åndalsnes er sett opp med tre heimekampar, dei
andre laga med to kvar.
Heile oppsettet her>>