Vestnes Varfjell er årets kretsmeister i Nordmøre og Romsdal i klasse G14 9-arfotball. Laget tok 22 poeng i 1. divisjon etter sju seierar og ein uavgjort. Meisterskapen var alt sikra før siste kamp borte mot Træff. Med seier 10-2 vart det ei verdig avslutning på ein fantastisk sesong. Tabell og alle resultat. I kvalifiseringa til 1. divisjon vart det fire seierar og ein uavgjort. Dette er faktisk første gong eit gutelag frå Varfjell vinn KM i Nordmøre/Romsdal. I 1968, 1971 og 1972 vann Varfjell KM for høvesvis 12-14, 14-16 og junior i gamle Romsdal fotballkrets. Den gong spelt alle lag i 11-serie slik at prestasjonen er vanskelge å samanlikne. Sist eit lag frå Vestnes Varfjell tok KM var i senior 5. divisjon og klasse småjenter 7-ar i 1996 (gje beskjed i kommentarfeltet om me huskar heilt feil!). På bildet jublar laget og trenarane Alexander Connor og Håvard Lervik etter seieren mot Træff. Bak frå venstre: Alexander Connor (trenar)- Martin Hofstad - Liam Connor - Knut Stian Eik - Jardar Sylte - Jarle Løvik - Håkon Kjørvik - Håvard Lervik (trenar). Framme frå venstre: David Sissoko- Jonas Lervik - Akridas Skirgaila- Daniel Gravdehaug- Glenn Stenødegård- Fredrik Bergslid. (Håvar Korsnes var ikkje til stades).