Olav André Hovde har blitt lagkamerat med Kjetil Rekdal (Foto: Asbjørn Vik)
Hovde og Rekdal
Per Kristian Os Nakken og Olav André Hovde har meldt overgang til Fiksdal/Rekdal. Dei debuterte for sin nye klubb i 5.-divisjonskampen mot Rival 2 torsdag. Den endte med årsbeste og seier 5-1 på bortebane. Nakken skåra også eitt av måla. Begge spelte for Vestnes Varfjell 2 i fjor, men er no studentar i Trondheim. - Desse to vil utan tvil styrke laget framover, seier trenar Dag Nakken til Bygdebladet.