Fotballtinget vedtok laurdag mot 22 stemmer å halvere talet på avdelingar i 3. divisjon. Dermed blir det ei avdeling for Møre og Romsdal og delar av Trøndelag frå 2011. Les meir her >> I Nordmøre/Romsdal får dei 6 beste laga i 3. divisjon og vinnaren av 4. divisjon plass i den nye 3.-divisjonen. I 4. divisjon får berre dei fem beste laga plass i den nye 4.-divisjonen. Alt om tinget her>>
Træff foreslo at det ikkje skulle vere opprykk frå 4. divisjon i år, men dette forslaget fekk berre tre stemmer.
Træff hadde også eit forslag om at 2. lag til lag
frå 2. divisjon og 3. lag ikkje skulle få delta i den
nye 3.-divisjonen, men dette vart ikkje vedteke. Dermed kan til
dømes KBK 2 og MFK 3 kvalifisere seg for ny 3. divisjon.
Etter som dei nye avdelingane i 3. divisjon blir sett opp
geografisk med flytande grenser og start i Nord-Trøndelag
for Sør-Norge sin del, vil ein det første året
få tilnærma ei rein Trøndelags-avdeling og
vidare ei Møre og Romsdal-avdeling.
Frå og med 2011 vil berre vinnaren av 4. divisjon
Nordmøre/Romsdal rykke opp i 3. divisjon. Sunnmøre
får også eitt opprykkslag kvart år, medan det
frå Trøndelag skal rykke opp 4 lag. Dette vil kunne
bevege tyngdepunktet for Møre og Romsdal-avdelinga nordover
etter kvart. I tillegg vil geografisk tilhøyringheit for
laga som rykker ned frå 2. divisjon og opp frå 3.
divisjon påverke den geografiske fordelinga.
Lag som skal spele i den nye 3.-divisjonen må ut med 15.000
kroner til ei reisefordelingskasse, der mesteparten av pengane
truleg vil gå til dei nordnorske laga.