Fem nye spelarar vart i dag speleklare for Vestnes Varfjell. Det er to gamle og tre nye namn som no skal ikle seg den marineblå trøya.
Tor-Bjarne Løvik Salte returnerer til Vestnes Varfjell nøyaktig eitt år etter overgangen til Åndalsnes. Der rakk han å spel 21 kampar og skåre eitt mål. Salte blir ei solid forsterking på midtbanen.
Også Cedrik Andreassen returnerer. Midtstopparen har dei siste åra spelt for Tomrefjord. Før det var han mellom anna kamptein på det gode gutelaget i Vestnes Varfjell som spelte seg heilt til finalen i Norway Cup (tapte mot AC Milan). Også broren Casper, gjer Vestnes Varfjell-spelar av seg. Han er ein hardtarbeidande midtbanespelar. Begge er søner av nyleg avdøde Cato Andreassen og dermed også brør av spelande trenar Tommy Kanishi Andreassen.
Frå Tomrefjord kjem også Henrik Leao Tomren, yngre bror av tidlegare Vestnes Varfjell-spelar Eirik Tomren. Henrik skåra alt som 16-åring for Tomrefjord og har seinare markert seg som ein offansiv midtbanespelar.
Sistemann inn er ein tysker med det velklingande namnet Florian Hill. Hill er ein spiss som har spelt fotball på kretsnivnå for SV Warnemünde Fussball E.V. Etter at han flytta til Vestnes har han spelt 7-arfotball for Vågstranda der han banka inn heile 25 mål på ti kampar i fjor.
Me ønsker alle velkommen til Vestnes Varfjell!
