A-laget til Vestnes Varfjell markerte avslutninga på vårsesongen med ei sosial samling på Glasstaket i Molde laurdag kveld. Der starta kvelden med VM-kampen Sverige-Nederland og noko velfortent godt i glaset.
Laget har hatt ein perfekt vårsesong med seier i åtte av åtte kampar. Likevel mindre enn halve jobben gjort. På tabellen for 5. divisjon Nordmøre og Romsdal lurer Bud/Bryn like bak med berre eitt tap (mot Vestnes Varfjell) og kan komme a jour med ein kamp meir spelt til helga.
Slik ser tabellen ut når dei fleste laga har spelt minst åtte kampar:
