Birger Ødegård døydde 25. oktober, 86 år gammal. Ødegård var ein av arkitektane bak samlinga av fotballen i austre del av kommunen i 1967, det som førte til at Varfjell vart skipa. I 1987 vart han utnemnt til æresmedlem i klubben. Birger var dei siste åra kjent som ein ivrig supporter som ikkje var redd for å gje lyd frå seg på tribuna i Vestnes idrettspark. Takk for innsatsen og kvil i fred!