Torstein Tjelle har gått bort, 82 år gammal. Tjelle døde brått i heimen sin på Vestnes 6. mars. Han var formann i FK Varfjell frå 1969-71 og trenar for A-laget i åra 1973-76. Han vart seinare utnemnt til æresmedlem for denne innsatsen. Som trenar for A-laget oppnådde Tjelle, i tospann med oppmann Odd Eidem, gode resultat med 2. plass i gamle 4. divisjon i 1974 og 3. plass i 1976. Før han tok over leiinga av A-laget, var Tjelle trenar for det suksessrike juniorlaget som i 1972 vart kretsmeister føre MFK og som tok seg til 3. runde i NM etter å ha slått Sunndal og Kristiansund. I 3. runde vart Aalesund litt for sterke. Tjelle var i det sivilie ein svært godt likt lege. Det blir gravferd frå Vestnes kyrkje fredag 15. mars kl 10.30.
Eit æresmedlem har gått bort
- Detaljer
- Skrevet av: nettredaksjonen
- Kategori: Nyheter