Vestnes Varfjell tapte andre påskedag 2-3 borte mot Stranda i siste treningskamp før seriestart. 5.-divisjonslaget frå Sunnmøre, som har rykka ned to divisjonar på like mange sesongar, var i leiinga 3-1 ved pause. Vestnes Varfjell var best etter kvilen, men greidde berre å redusere ein gong. Thomas Andre Brastad og Elling Olafsen var målskårarar. - Ein elendig førsteomgang øydela. Andre omgang var godkjent, oppsummerer trenar Knut Øyvind Hoem. Meir seinare.