Vestnes Varfjell greide heller ikkje å ta poeng i siste heimekamp før ferien. Eidsvåg var best i begge endar av banen og kunne reise heim med 6-1-seier. Sivert Nerheim reduserte for Vestnes Varfjell seint i andre omgang etter at laget hadde misbrukt ei rekke store sjansar. Første omgang var lenge jamn og sjansefattig, men Eidsvåg var nådelause då dei endeleg fekk sjansen. Det sto 0-3 ved halv tid. Gjestana auka til 5-0 før Varfjell reduserte. Kampen jamna seg ut då Eidsvåg bytta ut halve laget, men det vart med den eine reduseringa. 6-1 kom på overtid. Eidsvåg vann på betre fysikk og at dei var mykje flinkare framføre mål. Fleire av måla kom etter fine kombinasjonar der Varfjell-forsvaret ikkje greide å henge med. SJÅ BILDA FRÅ KAMPEN HER

 

Laget: Gabrielsen: Liabø (Eik 67), Mjøs, Lange Male, Kjørvik - Larsen (Lervik 84), Kjærstad (Larsen 90.), Solevågseide, S Nerheim, M Nerheim (K) - Olafsen (Connor 84.)

Dommar: Modolf Holm, Isfjorden. Ingen kort

40 tilskuarar

 

Frå notatblokka:

0-1, 19 min. Ein Eidsvåg-spelar spring frå Varfjell-forsvaret og kan sette inn 1-0 med eit skot ute ved stolpen.

0-2, 29 min: Varfjell-forsvaret slit med å få avklart og eit innlegg tilbake frå dørlinja blir sett kontant i mål.

31 min: Skot frå Håkon Kjørvik blir fista over av tidlegare Varfjell-målvakt Alexander Aarø.

38 min: Sivert Nerheim med godt skot like utanfor.

43 min: Eit frispark blir lagt ut til Magnus Nerheim som finn Ole-Gunnar Kjærstad framom mål, men på blank goal går ballen utruleg nok over.

0-3, 44 min: I staden for redusering kontrar Eidsvåg og set inn 3-0 på ei heading.

Pause

51 min: Sivert Nerheim nære på, men keeper ryddar opp.

0-4, 57 min: Innlegg framom mål og enkelt 4-0.

60  min: Elling Olafsen skyt like over.

God redning av Gabrielsen hindrar ny Eidsvåg-skåring.

62 min. Magnus Nerheim finn broder Sivert framom mål, men Aarø reddar.

0-5 67 min: Flott skot i krysset frå 16 meter

78 min: Kjørvik headar rett på keeper frå fin posisjon.

80 min: Olafsen nære på, men igjen reddar Aarø.

83 min, 1-5. Endeleg satt den for Sivert Nerheim som plasserer ballen forbi keeper etter framspel av innbyttar Knut Stian Eik

90 min, 1-6: Eidsvåg avsluttar skåringane for kvelden med å sette inn 6-1 for ope mål på overtid