Kven som skal spele i neste års 4. divisjon er godt som klart etter kampane laurdag. Midsund slår følge med Eidsvåg ned frå 3. divisjon etter tap 1-3 borte i den avgjerande kampen mot Surnadal. Træff med fiksdalingen Simon Tomren på laget sikra opprykket etter 0-0 i "seriefinalen" mot Skarbøvik. Gratulerer! Opp frå 5. divisjon kjem mest truleg Tomrefjord etter seier 5-1 i kvalikkamp mot Bud laurdag. Berre eit 7-målstap borte mot Tingvoll kan øydelegge for eit opprykk og dermed forrykande lokaloppgjer neste sesong. Dette blir neste års 4. divisjon:
Midsund
Eidsvåg
Molde 3
Kristiansund BK 2
Åndalsnes
Kristiansund FK
Rival
Kvass/Ulvungen
Vestnes Varfjell
Træff 2
Tomrefjord (truleg)
Bud eller Tingvoll
Siste lag blir klart neste helg når Tingvoll møter Tomrefjord i siste kvalikkamp. Vinn Tingvoll rykker dei opp saman med Tomrefjord. Uavgjort eller seier til Tomrefjord gjer at Bud blir nummer to, men dei har signalisert at dei ikkje vil rykke opp. Skjer det at dei trekker seg frå opprykkplassen, vil berre eitt lag rykke opp og Clausenengen behalde plassen, slik kretsen har gjort greie for her. Bryn og Måndalen er uansett klare for nedrykk til 5. divisjon.