Vestnes Varfjell 2 skal møte lag fra sørsida av Romsdalsfjorden, Molde og eitt frå Fræna i årets 5. divisjon. Avdeling 3 ser slik ut: Vestnes Varfjell 2, Bjørset, Elnesvågen 2, Fiksdal/Rekdal, Hjelset-Kleive, Isfjorden, Meek, Måndalen, Molde 5 og
Rival 3. Det blir tre avdelingar med ti lag i kvar. Dersom kretstinget til helga går inn for å opprette 6. divisjon, vil berre dei 3-4 beste lag i kvar avdeling bli med i den nye 5.-divisjonen som skal bestå av ti lag.