Bjørn-Vegard Løvik
BB Løvik
I alle A-lagskampane kårar ein jury beste Vestnes Varfjell-spelar. Mot Måndalen var det Ronny Leikarnes som fekk utmerkinga i kampen der han skåra seriemål nummer 300. Mot Træff borte gjekk prisen til Vegard Ellingseter, medan Bjørn-Vegard Løvik var best mot KBK 2. Vestnes Sport gir gåvekort til bestemann på heimekampane, medan bestemann i bortekamp får gåvekort frå frisørane på Trendzet. Desse har fått gåvekort til no i år:

 

Karl Arne Stokkeland, KBK2 (h), Eidsvåg (h)
Ørjan Tangen, Måndalen (b), Surnadal (b)
Thomas André Brastad, ÅIF (b), Elnesvågen (h)
Tommy Kanishi Andreassen, Rival (h)
Bjørn-Vegard Løvik, Dahle (h), KBK 2 (b)

Alexander Connor, AK (b)
Yngve Solevågseide, Sunndal (h)
Vegard Ellingseter, Træff (b)
Ronny Leikarnes, Måndalen (h)

Bestemann blir gjerne også kåra til banens beste i Romsdals Budstikke, men ikkje dersom ein på motstandarlaget har vore betre. På bortekampane er det heimelaget som rapporterer BB til avisa.