Adrian Gabrielsen tok "the double" då årets utmerkingar for A-laget vart delt ut under årsfesten til Vestnes Varfjell idrettslag på Vestnes fjordhotell laurdag kveld. Den unge målvakta vart først kåra til "årets unge spelar" av trenar og støtteapparat, seinare tok han også den gjevaste prisen "årets spelar". Denne er stemt fram mellom spelarane på A-laget, og Gabrielsen vann i konkurranse med Karl Arne Stokkeland og Magnus Nerheim. Gabrielsen har hatt ein god sesong i Varfjell-buret, der han sto samtlege minutt i alle 22 seriekampane. Årets toppskårarar var kjent frå før, der vart det delt pris mellom Elling Olafsen og Amund Stavem - begge med 12 skåringar i årets 4. divisjon. Svein Erik Lange Male fekk ein nyoppnemt pris for "årets humørspreder". Eit straumbrot den første timen la ingen dempar på stemninga mellom dei over 90 som hadde meldt seg på julebordet. På bildet er Adrian Gabrielsen flankert av A-lagstrenar Alexander Connor (t.v) og fotballformann Knut Øyvind Hoem. SJÅ FLEIRE BILDE FRÅ FESTEN HER