Kampen mot Midsund i 1. kvalifiserende runde til NM er flytta frå Skeidvoll kunstgras til Aker stadion i Molde. Avspark laurdag er klokka 17.
Midsund slo Vestnes Varfjell heile 5-1 i siste kamp i fjor og har vist god form i treningskampane med seier 5-1 mot Norborg/Brattvåg 2 og 6-3 mot Ravn.
– Det blir ein tøff kamp etter ei veke med vanskelege treningsforhold, noko som sikkert gjeld begge lag. Me kjem til å mangle Oliver (Connor Søreng) som er på skuletur, men stiller ein bra tropp, seier trenar Alexander Connor til varfjell.no.