
Alexander Connor
- Vi har ein ganske stor spelarstall med
god rekruttering, og juniorspelarane Magnus Nerheim, Sander Valde,
Christian Leikarnes og Kristoffer Presthus har vist gode takter i
treningskampane.
Vegard Ellingseter har gått til Fiksdal/Rekdal, medan keeper
Marius Sivertsen ikkje har vore med til no i vinter.
Bjørn-Vegard Løvik fekk derimot sitt første
innhopp for sesongen i kampen mot Åndalsnes sist.
Snøen har gjort treningstilhøva vanskelege i vinter,
men Connor seier laget skal vere godt budd til sesongen.