Avisa Bygdebladet har snakka med Alexander Connor om utsiktene for årets sesong, og Vestnes Varfjell-trenaren trur det blir ein tøff sesong med eit svært ungt mannskap. - Vi har som mål å halde oss om lag midt på tabellen. Med ein del uerfarne spelarar kjem vi til å variere ein del i prestasjonane, særleg på bortebane, seier han, og legg til at han haar tru på god poengfangst heime i Parken. Laget har mista Vegar Skare og Tommy Kanishi Andreassen og har ikkje fått inn nokon nye med unntak av opptak frå eigen juniorstall.
Connor: - Tung sesong med ungt mannskap
- Detaljer
- Skrevet av: nettredaksjonen
- Kategori: Nyheter