Bygdebladet har intverjua spelande Vestnes Varfjell-trenar Alexander Connor etter bortetapet mot Åndalsnes sist helg. Connor avviser at nervar vart avgjerande for utfallet. - Vi spelte bortimot årsverste i den viktige kampen og det har eg inga god forklaring på, seier Connor og legg til:
- No var det opp til oss sjølve, og full innsats burde vere i fokus. Det vart det ikkje.
Connor meiner laget er godt nok for spel i ein høgare divisjon:
- Laget vårt er betre enn i fjor, og vi vil klare oss godt i tredjedivisjojn. Men vi har ikkje vore heldige, det har vore mest stang ut gjennom heile sesongen, seier Connor til Bygdebladet.