No ImageVestnes Varfjell-trenar Alexander Connor kallar 2-4-tapet mot Grykam søndag for ei "skrekkhistorie". - Resultatet dekker ikkje det som skjedde i fotballkampen. Det var stang ut og ikkje stang inn for oss, seier han til Bygdebladet onsdag.

Han legg til at laget skåra for lite på sjansane og slepte inn for lette mål.

- Men vi må berre jobbe vidare med det vi har tru på. Det positive er at vi skaper sjanser. Men det er altfor dårleg at vi treng 10-15 sjansar for å lage eit mål. Vi må bli langt meir effektive, seier Connor til avisa.

Også Vestnesavisa har fyldig omtale av kampen. Utsendt medarbeidar Jon Halkjelsvik kåra Jakob Talberg til bestemann på Vestnes Varfjell for "sin innsatsvilje og konstruktive spill". Også Vestnesavisa skriv om dei mange brente sjansane og at det lange graset gjorde det umogleg med finspel langs bakken.