Måndag 12. september er "deadline day" for overgangar i lokalfotballen, og rett før fristen gjekk ut vart Cédric Ronnie Hellström Andreassen igjen klar for dei mørkeblå etter eit lite opphald i moderklubben Tomrefjord. Andreassen har gått gradane i Vestnes Varfjell, der han mellom anna var kaptein for vårt gode gutelag for nokre år sidan. Han kan spele fleire plassar på bana, men har vore mest nytta som midtstoppar. Frå før har han 12 A-kampar for Vestnes Varfjell. Me ønsker Cédrik velkommen tilbake.

 

Me ønsker også Lucas Pedersen Våge velkommen tilbake og spel i Vestnes Varfjell att. Han har vore ein tur innom 7-arlaget heime på Vågstranda.

 

To mann ut også: Airilas Skirgaila har flytta til Troms der han held fram karriere i Kvaløya SK.

 

Målvakt og some-ansvarleg Lars Håvard Heen Lien går til Måndalen som kjempar om opprykk til 5. divisjon.

 

Me ønsker lykke til i nye klubbar og velkommen tilbake når den tid skulle komme.