Før helga kom den triste meldinga om at Cato Andreassen er død, berre 57 år gammal. Med det har Vestnes-fotballen mista ein av sine mest markante spelarar gjennom tidene.
Cato starta fotballkarriera heime i Tomrefjord. Underteikna huskar første møtet med lysluggen då han avgjorde skulecupen mot Tresfjord tidleg på 1980-talet. Tomrefjord vann faktisk skulecupen for Romsdal to gongar i denne perioden. Med på laget var også Kjetil Rekdal, og dei to rakk også å spele saman på 14-16-årslaget før Kjetil heldt fram karriera i Molde.

Seinare vart det ei lang karriere i gult og svart for Cato. Først som målfarleg angripar. Seinare vart han ein bauta i forsvaret på det gode Tomrefjord-laget som i fleire sesongar på 1990-talet kjempa heilt i toppen av 3. divisjon Nordmøre og Romsdal. Sjølv om Cato endte opp som midtstoppar, hevda han seg framleis på toppskårarlista enkelte år.
Til Vestnes Varfjell kom han før 1997-sesongen, der han straks vart ein mentor for eit ungt og framadstormande lag. Bjørn-Vegard Løvik la ut denne meldinga på Facebook då han høyrde om dødsfallet:

I 1998 oppnådde Vestnes Varfjell sin beste sesong i historia då laget vart nummer to i 3. divisjon og var svært nærme opprykk til 2. divisjon.
Det vart med dei to sesongane som Varfjell-spelar for Cato, men det seier litt om kva betyding han hadde at han av sine medspelarar vart kåra til årets spelar både i 1997 og 1998. Bernt Hulsker hadde han seinare med på sitt "all star team" over spelarar han hadde vore på lag med i karrieren.
I 2010 var Cato assistenttrenar for A-laget. Då rakk han også å gjere eit lite comeback i ein alder av 42 år. Dermed fekk han også spele på same lag som sonen Tommy. Også sonene Cedrik og Casper har gjort seg bemerka på fotballbana.
Cato trente Tomrefjord i fleire sesongar før det igjen vart Vestnes Varfjell som hovudtrenar for B-laget i 2019.
Dei siste åra sleit Cato med helsa etter at han fekk påvist Parkinsons sjukdom.
Me takkar Cato for kampen og sender våre varmaste tankar til dei pårørande.
Begravelse blir frå Vestnes kyrkje fredag 27. februar klokka 10.30.