Det vart til slutt tap 2-5 for Vestnes Varfjell i måndagens bortekamp mot Kristiansund BK 2. KBK 2 tok leiinga etter halvspelt førsteomgang, men Tommy Kanisi Andreassen utlikna før pause då han vendte opp og sette ballen i krysset fra 14 meter. Etter kvilen gjekk KBK 2 opp i 4-1 før Vestnes Varfjell reduserte ved Håkon Kjørvik på eit flott skot frå 20 meter. KBK 2 stilte med spissane Sørli og Bamba frå eliteseriestallen. Begge skåra kvar sin gong.
Trenar Alexander Connor seier laget heldt godt følge i ein omgang. - Igjen slepper me inn for mange lette mål. Eg synes ikkje me blir overkjørt, men etter kvart vart det klart at dei har ein større breidde i stallen å spele på.
Etter tre tøffe bortekampar, ventar no Eidsvåg heime fredag og Tomrefjord borte 16. mai. - Eg har tru på at me skal plukka mange poeng framover, seier trenar Connor.
Han var sjølv på benken måndag då troppen var noko redusert fordi G16 spelte kamp samtidig (tapte 0-1 mot Sunndal).
Laget (4-3-3): Adrian Gabrielsen; Håkon Kjørvik (Justin Sætre 46.), Svein Erik Lange Male, Karl Arne Stokkeland (Kjørvik 83.), Addrian Liabø (Ørjan Tangen 46.) - Vegar Skare, Magnus Nerheim, Sivert Nerheim - Amund Stavem, Markus Brudseth, Tommy Kanishi Andreassen
Dommar: Per Ivar Skrøvset, Bøfjord. Ingen kort til Vestnes Varfjell, 2 til KBK 2