VVIL 2 i kamp mot Meek i 2008. Blir det nye møter i 2011?
VVIL 2 vs Meek i 2008

Innan 20. februar må Vestnes Varfjell bestemme seg om det skal stillast 2.-lag i 5. divisjon eller eit reint juniorlag i juniorserien. Blir det 5. divisjon ligg det an til ei gruppe med lag frå Molde og sørsida av Romsdalsfjorden, medan 2. divisjon junior får lag også frå Nordmøre. Under kan du sjå kva lag Vestnes Varfjell lig an til å møte:

 

Fotballkretsen opplyser at det ligg an til tre avdelingar i 5. divisjon der vinnarane spelar sluttspel om to opprykksplassar. Vestnes Varfjell 2, om klubben vel denne løysinga, ligg dermed an til kampar mot Isfjorden/ÅIF 2, Fiksdal/Rekdal, Tomrefjord, Meek, Molde 4, Molde 5, Rival 2 og Bjørset. Det blir lagt opp til dobbel serie, 18 serieomgangar og 16 kampar pr. lag.

 

I 2. divisjon junior, er det berre påmeldt fire lag utanom Vestnes Varfjell: Molde FK, Kristiansund FK, Tingvoll og Sunndal 2. Her kan det komme eit lag til som er påmeldt i 1. divisjon. I så fall blir det trippel serie med totalt 15 kampar for kvart lag.