Amund Stavem vart kåra til årets spelar på A-laget då Vestnes Varfjell avslutta sesongen med årsfest og julebord laurdag. Stavem var stemt fram av sine lagkameratar, og ifølge fotballeiar Knut Øyvind Hoem var det samrøystes. Sjølv om Stavem hadde ein god sesong i Varfjell-trøya, måtte han likevel sjå at toppskårartittelen gjekk til spisskollega Elling Olafsen for fjerde år på rad (delt med Stavem i 2014, delt med Kanishi i 2013). Olafsen noterte seg med 17 mål i 4. divisjon. Det gav han 4. plass i divisjonen, noko som er sterkt med tanke på at laget var i botn heile sesongen. I kvalifiseringskampane slo han til med fire nye fulltreffarar, slik at det vart 21 totalt. Prisen "årets unge spelar" vart ikkje delt ut denne gongen, medan heider til spelarar med runde kamptal blir delt ut seinare. I underkant av 100 personar koste seg med god julemat på Vestnes Fjordhotell. fekk klubbens sølvmerke for sine prestasjonar i karate. Asbjørn Vik, som fekk ståande applaus for sin innsats som videofotograf, kjem med video frå festen i VarfjellTV.