Molde Fotballklubb har henta Amadeus Utgård Andreassen frå Vestnes Varfjell til si talentsatsing.
Andreassen debuterte for A-laget til Vestnes Varfjell i fjor og var på banen i til saman ti kampar i 4. divisjon. Alt i fjor haust starta han å trene med Akerakademiet, som organiserer talentsatsinga til MFK. No er ein permanent overgang registrert på fotball.no.
I Molde får Andreassen spele mot dei beste talenta i landet i den nasjonale eliteserien for 17-åringar.
Me ønskjer lukke til!

Andreassen debuterte saman med Scott Alexander Bårdsnes Langstein borte mot Midsund i fjor. Også Lanstein har funne seg ny klubb, tomrefjordingen held fram karriera i Herd. Dit har også fleire frå Vestnes Varfjell gått då det ikkje er nok spelarar til G16-lag i år. Ein har også gått til Spjelkavik og to har gått tilbake til Tomrefjord.
Me ønskjer lukke til i nye klubbar og velkommen tilbake når det skulle bli aktuelt.