Alexander "Alec" Connor (f. 12. august 1952) døydde 3. august, nær 73 år gammal. Med det har Vestnes-fotballen mista ein av sine mest markante trenar-skikkelsar.
1975 var eit dårleg år for internasjonal skipsfart, men eit godt år for fotballen i Vestnes. For då oljetankarane gjekk i opplag mellom Hagneset og Feøya, gjekk ein skotsk sjømann i land. Alexander Robert Connor, som var hans fulle namn, fann kjærleiken i May Britt, og vart verande.
Det gjekk ikkje lenge før den unge skotten vart ein del av fotballmiljøet i Varfjell. Karriera på A-laget vart kort, men som trenar gjorde han seg raskt bemerka. Først for gute- og juniorlag, der unge spelarar for første gong fekk stifte kjennskap til uttrykk som "doggis" og treningsmetodar han tok med seg frå Skottland. På denne tida var Skottland ei stormakt i europeisk fotball, og låg langt framom Norge på mange måtar.
Det var likevel med jentefotballen Alec skulle gjere størst suksess som trenar. Saman med Jon Ragnar Halkjelsvik og lagleiar Nils Helge Skjegstad, gjorde laget det godt både i den lokale serien og i ulike cupar frå 1980 til dei avslutta i dameserien i 1986. Kanskje var det lettare å få jentene til å ta til seg nye treningsmetodar? Skjegstad meinte Alec var forut for si tid som trenar i Varfjell.
Samtidig fekk han også tid til å trene gute- og juniorlag. Eit kjent innslag på denne tida var Alec som sjåfør på Varfjell-bussen, ein grå Ford Transit, der han henta og leverte spelarar til trening og kamp mellom Vestnes og Tresfjord. Kanskje kom erfaringa som sauebonde godt med når fotball-flokken skulle samlast? :)
I 1982 lanserte han eit stunt som mange huskar: Juniorlaget skulle trille eit piano frå Vestnes til Ålesund for å få inn pengar. Pianoet fekk stå, men marsjen vart gjennomført og fem mann kom heilt fram. Dermed kom det pengar frå sponsorar som hadde forplikta seg til å betale for kvar kilometer som vart tilbakelagt.
Seinare var det jentelaga som la ut på liknande (men kortare) marsjar, den siste før Norway cup i 2005.
Etter opprykket til gamle 4. divisjon i 1986, tok han for første gang over som trenar for A-laget. Det endte med eit surt og knepent nedrykk. Han trente laget også i 1987 og 1992. For damelaget hadde han same rolle i 1986, 2006 og 2008. Denne perioden trente han også ulike jentelag.
Seinare, etter at sonen Alexander junior førte trenar-arven vidare, hadde han i fleire sesongar rolla som assistent eller "konsulent" for A-laget.
Sjølv om han budde 50 år i Norge, gløymde han aldri sitt skotske opphav. Mange gongar stilte han opp i lokalavisene med kilt og skotsk landslagsdrakt føre store meisterskap eller når Norge møtte Skottland. Patriotismen smitta over på barn og barnebarn.
Connor kom fra Bonnyrigg like ved Edinburgh, der lokalklubben var Bonnyrigg Rose og favorittklubben Heart of Midlothian, eller berre Hearts som klubben blir kalla.
Interessa for lokalfotballen og Vestnes Varfjell, slapp han aldri. Sjølv om helsa etter kvart svikta, var han til det siste å sjå i Vestnes idrettspark, anten i rullestol på sidelinja eller i bilen bak mål.
Som tilskuar fekk han oppleve sonen Alexander både som spelar, spelande trenar og trenar for A-laget. I seinare år fekk han sjå heile tre barnebarn - Liam, Owen og Oliver - debutere på A-laget til Vestnes Varfjell.
Takk for kampen og kvil i fred!
Det er gravferd frå Vestnes kyrkje fredag 15. august.