Vestnes Varfjell kan vere sikra ny kontrakt i 4. divisjon uansett korleis det går i siste serierunde. Slik tabellane ser ut etter kampane i helga kjem det berre eitt lag frå Nordmøre/Romsdal ned frå 3. divisjon, noko som vil bety at berre to lag rykker ned frå 4. divisjon. Surnadal ligg nemleg best an av alle lag på 12. plass i dei ti 3.-divisjonsavdelingane i Sør-Norge til å få ein av det som kan bli heile fire ledige plassar. Her er forklaringa:



Manglerud/Star gjekk konkurs alt før sesongen og frigjer ei plass. Det same gjer fusjonen mellom Løv-Ham og Fyllingen. Strindheim rykker ned frå 2. divisjon, noko som betyr automatisk nedrykk for Strindheim 2 i 3. divisjon. Det same skjer med Pors 2 om Pors rykker ned frå 2. divisjon. (Her kan Strindheim 2 framleis rykke direkte ned, og då vil det ikkje frigjere nokon ekstra plass.) 



I tillegg kan det bli ein plass ekstra hvis Harstad rykker ned, sidan Nord- og Sør-Norge er delt i 3. divisjon.

Med andre ord minst ein ekstra plass, og kanskje så mange som fire. Ledige plassar blir fordelt på laga på 12. plass med flest poeng. Her må det reknast gjennomsnitt sidan det er 13 lag i ei avdeling.



Nettstaden 3divisjon.no har oversikt over stillinga slik den ligg an no, der altså Surnadal ligg godt an.


Merk at det framleis kan skje at det kjem lag frå Nordmøre/Romsdal også på 11.-plass i 3. divisjon der Brattvåg no ligg. I så fall rykker tre lag ned frå 4. divisjon uavhengig av det som er forklart ovanfor. Og skulle alt skjære seg, og tre lag frå Nordmøre/Romsdal rykker ned, betyr det altså ifølge informasjon frå kretsen at fire lag må ned frå 4. divisjon sjølv om reglane til NFF seier at maks tre lag skal kunne rykke ned.


For Vestnes Varfjell sin del er det med andre ord tryggast å gjere jobben sjølve ved å slå Kristiansund FK på heimebane i siste serierunde komande fredag.