Det går mot ein rekordsterk 4. divisjon for Nordmøre og Romsdal neste sesong etter at det i dag vart klart at Averøykameratene og Sunndal slår følge med Træff 2 ned frå 3. divisjon. Begge laga vann sin kamp, Sunndal 3-1 heime mot Kolstad og AK 3-0 borte mot Tommy Kanishi og Vegar Skare sitt Brattvåg. Det hjalp likevel lite så lenge også Nardo 2 vann - 5-2 heime mot Heimdal. AK har protestert på 0-0-kampen mot Træff 2 i sommar fordi Træff stilte med ein spelar som hadde spelt på førstelaget i kampen før. Trøndelag fotballkrets, som administrerer avdelinga avviste prostesten fordi han kom for seint, men AK har anka til forbundet, skriv Tidens Krav. Får dei medhald, går dei forbi Nardo. Slik situasjonen er før anken blir det nedrykk til 5. divisjon for Molde 3, CFK/KBK 3 og Tingvoll. Frei skal spele kvalifisering mot Nordlandet om den siste plassen. Laga i 4. divisjon Nordmøre/Romsdal i 2015:
Averøykameratene
Sunndal
Træff 2
Dahle
Surnadal
Eidsvåg
Elnesvågen
Vestnes Varfjell
Midsund
Åndalsnes
Eide (opp frå 5. divisjon)
Frei eller Nordlandet