Ein oppdatert adelsekalnder for Vestnes Varfjell viser at eit nytt namn er inne på topp 10-lista. Det er Elling Olafsen som nå er oppe på 9. plass med sine 215 kampar. Tommy Kanishi rykka opp til 12. plass med sinde 209 kampar. Begge vart heidra for å ha nådd 200 kampar under årsfesten før jul. Alexander Connor fekk endeleg kamp nummer 300 i år då han sette seg sjølv innpå borte mot Elnesvågen. Også Yngve Solevågseide med sine 266 kampar er inne på topp 10 mellom dagens ative. Etter 50 sesongar med Varfjell er det framleis Ronny Leikarnes som toppar med 385 kampar og 325 mål. Nærmast er Bjarne Nerheim (333 kampar/188 mål) og Gunnar Nerbø (319/6). SJÅ DEN OPPDATERTE ADELSKALENDEREN HER
Adelskalenderen: Olafsen inn på topp-10
- Detaljer
- Skrevet av: Nettredaksjonen
- Kategori: Nyheter