Søndag klokka 15 startar alvoret for Vestnes Varfjell i 2013. Då er det klart for første kvalifiseringskamp til NM. Motstandar i første steg på vegen mot cupfinalen på Ullevaal er Averøykameratene. Vestnes Varfjell-trenar Alexander Connor ventar ein tøff kamp mot det hardtsatsande 3.-divisjonslaget som nyleg signerte målmaksina Jan Roger Angvik frå KBK. - AK er nok å rekne for klare favorittar. Vi er eit veldig ungt lag der mange juniorer kan komme til å slite mot robuste og erfarne AK-spelarar, så vi frykter nok at Angvik og co. blir for sterke for juniorane våre. Uansett håpar me at folk stiller på kamp og støttar gutane våre. Det trenger dei, seier Connor. Kampen blir historisk på fleire måtar. Aldri tidlegare har det vorte spelt ein obligatorisk A-kamp så tidleg på året. Det er også første NM-kamp heime i Vestnes idrettspark (tidlegare heimekampar i NM vart spelt i Tresfjord). Dette er første gong Vestnes Varfjell deltek i cupen sidan 1999. Då vart det tidleg exit etter 0-7 borte mot KFK. Forrige møte med AK var i 3. divisjon i 2009, då vann Vestnes Varfjel 2-0.