Tommy og Yngve Solevågseide etter kampen. (Foto: Asbjørn Vik)Vestnes Varfjell tok tre viktige poeng for å unngå å hamne i botnstrid då laget slo tabellnabo Clausenengen 3-1 på heimebane fredag kveld. Stillinga ved pause var 1-0 etter skåring av Tommy Kanishi Andreassen (video). Tore Akselsen auka til 2-0 på eit frekt skot (video), før CFK reduserte på straffespark (video). Elling Olafsen sytte for seier 3-1 på eit langskot (video). Gjestane fekk keeperen utvist mot slutten. Sjå heile kampen i opptak i VarfjellTV


Sjansefattig i første omgang i Vestnes idrettspark. Ronny Leikarnes hadde ei heading på keeper etter 25 minutt, medan Tore Akselsen kom nære på eit skot frå 20 meter som keeper slo over.


1-0 fem minutt før pause då Tommy Kanishi Andreassen heade i mål etter innlegg frå Marius Ulla. Eit fint angrep.

Tore Akselsen auka til 2-0 sju minutt etter pause, men CFK kom tilbake og hadde fleire store sjansar før dei reduserte på eit straffespark ved Kenneth Henden. Innbyttar Elling Olafsen la på til 3-1etter 67 minutt og heimeseieren var sikra.



Vestnes Varfjell (4-3-3): Marius Sivertsen; Marius Ulla, Svein Erik Lange Male, Nirut Mjøs, Bjørn-Vegard Løvik - Vegar Skare, Sondre Akselsen (Alexander Connor 78.), Yngve Solevågseide - Tore Akselsen, Ronny Leikarnes (Elling Olafsen 62.), Tommy Kanishi Andreassen


 videoar frå kampen (klikk på bilde)

VVIL-CFK: 3 - 1 Del 6 (siste)
VVIL-CFK: 3 - 1 Del 5
VVIL-CFK: 3 - 1 Del 4
VVIL-CFK: 3 - 1 Del 3
VVIL-CFK: 3 - 1 Del 2
VVIL-CFK: 3 - 1 Del 1