
Frå kampen i 2008.
"Midsund har kvalitetar i laget som gjer at dei bør hevde
seg godt i årets 4. divisjon. Det var tydeleg at
midsundtrenar Bjarne Stormyr har lagt vekt på at Midsund skal
vere eit "spelande" lag. Og Midsund har mange teknisk gode spelarar
som kan bidra til at laget spelar attraktiv fotball", skreiv avisa
etter at Malmefjorden vart slått 7-2 i første kamp. 17
år gamle Simen Tangen skåra tre mål i denne
kampen og han blir omtalt som ein konstant trussel mot Malmefjorden
sitt forsvar med si enorme fart.
"Nøkkelspelarane frå dei siste sesongane som John Arne
Øien, Ingemar Misund, Johnny Godø, Joakim Stormyr og
Arec Gosic er framleis med og vil vere viktige spelarar om laget
skal rykke opp", meiner Øyavis.