Vestnes Varfjell avslutta vårsesongen i 4. divisjon med å spele 1-1 mot Kristiansund FK fredag kveld. Gjestane starta best i Vestnes idrettspark og tok leiinga på ein corner etter 17 minutt då tidlegare MFK-spelar Vidar Giske Henriksen fekk stå umarkert og dundre ballen i mål SJÅ VIDEO HER. Vestnes Varfjell overtok etter pause og utlikna då Eling Olafsen stussa vidare eit frispark frå Vegar Skare 20 minutt før slutt SJÅ VIDEO HER. Vestnes Varfjell-trenar Alexander Connor var fornøgd med det eine poenget, med tanke på at KFK hadde nokre feite sjansar på kontringar som dei brente i andre omgang. Han likte måten laget sto fram på etter pause og korleis fleire tok ansvar etter at kaptein Tommy Kanishi Andreassen mått ut med skade tidleg. - Samtidig viser vårsesongen at stallen er for sårbar når me får mange skadar og andre sentrale spelarar ikkje er tilgjengeleg til kvar kamp, seier Connor. No har laget ferie fram til 11. august og bortekamp mot Træff 2.
KFK om kampen | Videoar i VarfjellTV | Bildegalleri
KFK, som har avansert til 2. plass etter ei sterk avslutning på vårsesongen, starta best i regnbygene i Vestnes idrettspark. Dei store sjansane noterte me likevel ikkje til nokon av laga før KFK hadde eit skotforsøk redda og Elling Olfasen hadde ein dobbeltsjanse for heimelaget. 0-1 kom etter eit hjørnespark der Giske Henriksen ikkje vart passa på og fekk tid og rom til å avslutte med eit knallhardt skot.
Vestnes Varfjell sterkare utover i omgangen, men vart naturleg nok svekka ein del etter at Tommy Kanishi Andreassen vart skada i kneet alt etter rundt 20 minutt. Erstattar Kevin Gravdehaug hadde den siste sjansen i omgangen då han på overtid fekk sjansen inne i boksen, men fekk ikkje til ei skikkeleg avslutning.
Vestnes Varfjell starta straks jakta på ei utlikning etter pause og Elling Olfasen heada like over før det var spelt fem minutt. KFK var på si side farleg på overgangar, og var svært nære 2-0 då Wesley dos Santos Amaral kom aleine med keeper Thomas André Brastad som fekk ein fot på ballen slik at den traff tverrliggaren og ikkje målet.
Etter 73 minutt fekk Vestnes Varfjell frispark frå rundt 25 meter. Innlegget frå Vegar Skare fann Elling Olafsen som sette inn utlikninga.
Begge lag kjempa for å avgjere kampen, gjestane var nærast då dei to gongar vart nekta av ein god Brastad i Vestnes Varfjell-målet. Ein god 4.-divisjonskamp i høgt tempo endte med 1-1. Det vart delt ut mange gule kort i kampen og like før slutt fekk spelande KFK-trenar Bjørn Christian Søbstad Larsen sitt andre.
Kampfakta
Vestnes Varfjell - KFK 1 - 1
Vestnes Varfjell (4-3-3)
| 12 | Thomas Andre Brastad |
| 5 | Ørjan Tangen |
| 4 |
Jo Sigurd Vold |
| 24 | Marius Ulla |
| 9 |
Magnus Nerheim |
| 3 | Yngve Solevågseide |
| 91 | Vegar Bjørkevoll Skare |
| 25 | Sivert Nerheim |
| 11 | Amund Stavem |
| 17 | Elling Olafsen |
|
8 - |
Tommy Kanishi Andreassen Innbyttarar: |
| 1 | Svale André Vikanes Leren |
| Jørgen Hovde |
|
| 2 | Kevin Andre Gravdehaug |
| 7 | Alexander Kenneth Connor |
KFK
| 12 | Anders Erling Honningsø |
| 2 | Runar Skavnes Bloch |
| 14 | Bjørn Christian Søbstad Larsen |
| 17 | Vidar Giske Henriksen |
| 20 | Marius Sandvik |
| 4 | Magnus Aasen |
| 15 | Anders Faksvåg Havneraas |
| 7 | Svein Magne Aasgård |
| 3 | Stian P. Ryther |
| 24 | Jon Henrik Suk Hjelmeland |
| 9 | Wesley dos Santos Amaral |
| 1 | Andreas Haugnes Mork |
| 13 | Svein Erik Gregersen |
| 11 | Sander Gaupseth Sveen |
Mål
| Elling Furland Olafsen | 74 |
Mål
| Vidar Giske Henriksen | 17 |
Bytter
| Tommy Kanishi Andreassen | Kevin Andre Gravdehaug | 22 |
Bytter
| Svein Magne Aasgård | Svein Erik Gregersen | 81 |
Gult kort:
Yngve Solevågseide (62), Kevin Gravdehaug (88), 4 til KFK
Rød kort:
Bjørn Christian Larsen, KFK (2 gule, 89)
Kampreferat
| 17 | Spillemål | Vidar Giske Henriksen | ||
| 22 | Bytte inn | Kevin Andre Gravdehaug | ||
| 22 | Bytte ut | Tommy Kanishi Andreassen | ||
| 74 | Spillemål | Elling Furland Olafsen | ||
| 81 | Bytte inn | Svein Erik Gregersen | ||
| 81 | Bytte ut | Svein Magne Aasgård |