Vestnes Varfjell tapte sin andre bortekamp 2-4 denne veka då Midsund vart for sterke laurdag ettermiddag. Som mot Kvass/Ulvungen måndag gjekk laget i leiinga tidleg, denne gong ved Amund Stavem, men heimelaget svarte og gjekk til pause med leiinga 3-1. Vertane skåra på to straffespark i kampen,  eitt i kvar omgang. Det første vart først redda av Varfjell-målvakt Thomas André Brastad, men returen vart sett i mål. Det andre straffesparket vart idømt etter ein hands. Tommy Kanishi Andreassen reduserte på overtid. Meir seinare