Ronny Leikarnes i aksjon i sin kamp nr 334.
334 kampar: Ronny Leikarnes
Vestnes Varfjell tapte 1-3 borte mot Eidsvåg i den viktige botnkampen i 3. divisjon laurdag. Laget hadde sjansen til å gå forbi bruntrøyene frå Nesset, men vart kjempa ned av heimelaget som leia 1-0 ved pause og auka til 2-0 45 sekund ut i andre omgang. Eidsvåg var også oppe i 3-0 før Svein Erik Lange Male reduserte på straffespark. Vestnes Varfjell pressa hardt den siste halvtimen, men tapte fortent. Ronny Leikarnes spelte sin obligatoriske kamp nummer 334 og er dermed aleine på toppen av adelskalenderen. VarfjellTV: Connor om kampen | Eidsvåg-trenaren om kampen | Bildegalleri |  

 

{seyretpic id=1113 align=center}  {seyretpic id=1114 align=center} 
{seyretpic id=1115 align=center}  {seyretpic id=1116 align=center} 
{seyretpic id=1117 align=center}  {seyretpic id=1118 align=center} 
{seyretpic id=1120 align=center}  {seyretpic id=1121 align=center} 
   
   

- Me skaper eit visst trykk mot slutten, men det er synd at det skal gå ein time før me startar å spele fotball, sa ein skuffa Vestnes Varfjell-trenar Alexander Connor til VarfjellTV etter kampen.

 

Eidsvåg var mest på hugget frå start og hadde ein ball i tverrliggaren før dei tok leiinga 1-0 på ein corner. Varfjell-forsvaret fekk ikkje klarert og Eirik Ranheim sette inn 1-0 frå kloss hald. Vestnes Varfjell måtte bytte ut sin raske midstoppar Nirut Mjøs med ein akillsskade alt etter eit kvarter. Vestnes Varfjell sleit med å henge med i første omgang, særleg på midtbana fekk vertane ofte lett spel. Dei gongane Vestnes Varfjell kom i angrep blei det for upresist eller for mykje ein og ein. Nokre nestensjansar frå Ronny Leikarnes var det einaste me noterte.

 

Berre 45 sekund ut i andre omgang kom 2-0 på eit skot frå Mido som gjekk via eit Vestnes Varfjell-bein. Eit nytt skot gav 3-0 i ein god periode av heimelaget som styrte alt i starten av andre omgang.

 

Vestnes Varfjell flytta fram begge midstopparane, Bjørn-Vegard Løvik og Svein Erik Lange Male, for å få meir tygde i angrepet. Laget sette eit visst trykk på heimelaget som la seg bakpå for å trygge poenga. Ronny Leikarnes vart lagt i bakken og Lange Male gjekk fram om sette inn sitt første a-lagsmål frå straffemerket. Nærast ei ny redusering og ny spenning mot slutten kom Tommy Kanshi Andreassen, men skotet gjekk via keeper, i stolpen og ut. Løvik gjekk også to gongar i bakken, men dommaren let vere å blåse fleire straffespark.

 

Tre gule kort til Vestnes Varfjell, dei to siste heilt unødvendige etter protestar mot dommaren. Det betyr også - etter våre uoffisielle tal på gule kort - at både Alexander Connor og Vegard Ellingseter må stå over neste kamp, skjebneoppgjeret heime mot Surnadal laurdag.

 

- Det er ein kamp me berre må vinne, seier Alexander Connor.

 

Eidsvåg om kampen 

 

Kampfakta:

Eidsvåg - Vestnes Varfjell 3-1 (1-0)

3. divisjon Nordmøre/Romsdal

Laurdag 19. september 2009 kl 15.00 

Eidsvåg kunstgras

75 tilskuarar

Mål:

1-0 (35) Eirik Ranheim

2-0 (46) Mido

3-0 (67) Mido

3-1 (70) Svein Erik Lange Male, straffespark

Dommar: Ole Petter Kristiansen, Eide

Gult kort: Simen Brennvik (45), Alexander Connor (80) og Vegard Ellingseter (90), Vestnes Varfjell.

Vestnes Varfjell (4-3-3): Marius Sivertsen; Ørjan Tangen, Nirut Mjøs (Svein Erik Lange Male 20.), Bjørn-Vegard Løvik, Thomas André Brastad (Martin Lange Sylte 81.) - Alexander Connor, Yngve Solevågseide, Jørgen Gravdehaug (Vegard Ellingseter 48.) - Simen Brennvik, Ronny Leikarnes, Tommy Kanishi Andreassen.