Vestnes Varfjell utnytta sjansane godt og kunne til slutt gå av bana med seier 4-1 etter bortemøtet med Molde 3 fredag. Amund Stavem skaut laget i leiinga i ein sjansefattig førsteomgang. Etter pause gjekk Vestnes Varfjell opp i 3-0 etter fint og effektivt angrepsspel. Ole Gunnar Kjærstad og Elling Olafsen var målskårarar. Molde reduserte ein gong før Amund Stavem vart tomålskårar ti minutt før slutt.

 

 

Vestnes Varfjell sleit lenge mot eit ungt og teknisk godt MFK-lag. Vertane var nærast å ta leiinga då eit skot small i tverrliggaren mot slutten av omgangen, men i staden var det Vestnes Varfjell som fekk uttelling. Eit fint opprulla angrep endte med at Tommy Kanishi drog seg fri og fann Amund Stavem inne i boksen. Han sette ballen kontrollert forbi keeper til leiing 1-0 ved pause.

 

Også i andre omgang skapte MFK 3 dei første store sjansane, ein ball trilla i stanga, medan Thomas André Brastad var ute og blokkerte då ein Molde-spelar kom aleine igjennom. I staden for utlikning sytte Ole Gunnar Kjærstad for 2-0 då eit skot frå rundt 20 meter sneik seg inn ved stolperota. Så sette Elling Olafsen inn 3-0 med eit fint plassert skot til side for keeper etter førearbeid av Kanishi.

 

No dabba kampen litt av. Vestnes Varfjell såg ut til å ta seieren for gitt, men MFK 3 reduserte etter eit frispark som vart slått inn i feltet og ekspedert vidare i form av eit skot i nettaket frå kloss hald. Men MFK 3 hadde heldigvis ikkje så mykje meir å komme med, og ti minutt før slutt var det heile definitivt avgjort då Amund Stavem sette inn sitt andre for kvelden etter at Elling Olfasen hadde gjort førearbeidet.

 

Ein bra gjennomført kamp av heile laget mot ein vrien motstandar. Tomålsskårar Stavem og tilretteleggar Kanshi var viktige bidragasytarar offensivt, bakover heldt Svein Erik Lange Male til tider oppsvisning i seine, men reine taklingar. Kevein Gravdegaug spelte sin første seriekamp frå start og gjorde sine saker bra på backen; taklingssterk og god i plasseringane.

 

Neste kamp er heime mot Dahle fredag.

 

Kampfakta:

Molde 3 - Vestnes Varfjell 1-4 (0-1)

Seriekamp, 4. divisjon Nordmøre/Romsdal

Årølia kunstgrasbane

40 tilskuarar (10 Vestnes Varfjell)

Mål:

0-1 (39) Amund Stavem

0-2 (58) Ole Gunnar Kjærstad

0-3 (63) Elling Olafsen

1-3 (72) Aleksander Jonassen

1-4 (80) Stavem

Dommar: Terje Sorthe, Hjelset-Kleive

Gult kort:

Vestnes Varfjell (4-3-3): Thomas André Brastad; Kevin Gravdehaug, Svein Erik Lange Male, Jo Sigurd Vold, Magnus Nerheim (Ørjan Tangen) - Elling Olafsen, Vegar Skare, Yngve Solevågseide (Sivert Nerheim) - Ole Gunnar Kjærstad (Nirut Mjøs), Amund Stavem, Tommy Kanishi Andreassen