Vestnes Varfjell gjekk på sitt andre heimetap for sesongen då laget tapte 1-2 mot Midsund i det som var rundes toppkamp i 4. divisjon. Superraske Agwa Okout sprang igjennom og sendte Midsund i føringa etter eit kvarter (sjå video). Vegar Skare heada inn den fortente utlikninga før pause etter innlegg frå Per Kristian Nakken (sjå video). Vestnes Varfjell hadde eit spelemessig overtak gjennom det meste av kampen, men sleit med å skape store sjansar mot eit kompakt Midsund-lag. Gjestane var ikkje ufarleg på kontringar, og heilt på slutten tråkla Ingemar Misund seg igjennom og avgjorde kampen.

Videoar i VarfjellTV | Bildegalleri | Kampfakta

 

 

 

Divisjonens to beste bortelag møttes denne varme midtsommarkvelden i Vestnes idrettspark. Tar me med at Midsund hadde vunne dei tre siste gongane dei har gjesta Vestnes idrettspark (slik Varfjell har vunne dei tre siste besøka i Midsund!), var det venta at heimelaget skulle få slite for poenga.

 

Vestnes Varfjell tok som vanleg tak i det frå start og berre den gode Midsund-målvakta Kristoffer Nilsen stoppa saksesparket frå Tommy Kanishi etter 11 minutt. Så var det gjestane sin tur. Supertalentet Agwa Okout gjorde alt på eigahand då han brukte farta si, sprang frå vanlegvis raske Nirut Mjøs og avslutta med skot forbi keeper frå skrått hald.

 

Vestnes Varfjell har det med å slite når laget kjem under, og denne kampen vart ikkje noko unnatak. Midsund stengte godt igjen for heimelagets vanlegvis kreative angrepsspel, men greide etter kvart å skape nokre sjansar. Amund Stavem fyrte av eit skot som keeper redda, før han avslutta like utanfor. Den fortente utlikninga kom etter eit presist innlegg frå Per Kristian Nakken som Vegar Skare stussa i mål. Like etter hadde Okout ein stor sjanse for gjestane, medan Amund Stavem heada over frå god posisjon etter ein corner.

 

Kampbildet heldt seg i andre omgang, med eit heimelag som trilla ball og forsøkte å trenge seg igjennom eit godt gjeste-forsvar. Eit frispark frå Tore Akselsen hadde god retning, men traff korkje mål eller hovudet til Svein Erik Lange Male. Så serverte Tommy Kanishi Andreassen Tore Akselsen, men han vart akkurat for sein til å passere keeper.

 

Midsund satsa på kontringar, der dei var farlege. Den største sjansen i omgangen kom då Varfjell-målvakt Alexander Aarø først stoppa skotet frå Okout og John Arne Øien sette returen over mål.

 

Heimelaget vart frustrerte etter kvart som tida rann og skåringane uteblei. Tommy Kanishi Andreassen var febersjuk før kampen og det var lett å sjå at kapteinen ikkje var i vanleg slag. Eit fint anlegg etter 82 minutt vart avslutta med innlegg frå Stavem til Kanishi som heada i nettveggen. Like etter la innbyttar Sander Valde inn, men Stavem var ei tå unna å kunne sette ballen i nota.

 

Det såg ut til å gå mot eitt poeng til begge lag, noko heimelaget ikkje ville hatt grunn til å vere fornøgd med. Desto meir frusterande var det derfor å oppleve at også det eine poenget skulle gå tapt. Ingemar Misund tråkla seg fri og sette ballen elegant i mål tre minutt før full tid.

 

Eit godt bilde på ein frustrerande kveld for heimelaget: På overtid ropte Svein Erik Lange Male - kanskje heimelagets beste - på straffespark då han meinte seg dratt ned etter eit frispark som vart langt inn i feltet. Dommar Henning Sunde vinka spelet vidare.

 

Bernt Hulsker og 90 andre heimepublikummarar måtte dermed gå skuffa heim til kveldens EM-kvartfinale der Tyskland mot Hellas viste korleis det skal gjerast å overliste eit lag som legg seg i forsvar (utan samanlikning for øvrig!)

 

Neste kamp og den siste før ferien er lokaloppgjeret mot Tomrefjord på bortebane om ei veke.

 

Kampfakta:

Gult kort: Nakken, Klokset og T Akselsen

Laget: Aarø; Tangen, Mjøs (Valde 73), Lange Male, Nakken(Nerheim 60 - Y Solevågseide (Stokkeland 75), Klokset, Skare - T Akselsen, Stavem, Kanishi Andreassen