Tre mål i kvar omgang sikra seier 6-0 i serieavslutninga i 4. divisjon fredag. Elling Olafsen 2 og Trond Klokset (straffespark) skåra før kvilen. Etter pause vart også Tommy Kanishi Andreassen tomålsskårar, medan det siste vart sett inn av Magnus Nerheim. 130 tilskuarar såg lokaloppgjeret i fint haustver i flomlyset i Vestnes idrettspark. Vestnes Varfjell ender dermed på ein 4. plass på sluttabellen i 4. divisjon. Tomrefjord må ta den tunge vegen ned i 5. divisjon etter berre ein sesong i 4. divisjon. Resten av siste serierunde: MFK 3 - ÅIF 2-4, Eidsvåg - Kvass/Ulvungen 2-1, KBK 2 - Midsund 12-1, Træff 2 - KFK 4-4. Kampfakta her