Magnus Nerheim. Foto: Asbjørn Vik
Magnus Nerheim
Vestnes Varfjell slo Emblem 4-1 (2-1) i ein treningskamp i Vestnes idrettspark fredag kveld. Heimelaget avgjorde med to tidlege skåringar i kvar omgang mot 5.-divisjoslaget frå Sunnmøre. Tommy Kanishi (2), Magnus Nerheim og Ronny Leikarnes var målskårarar. Spelande trenar Alexander Connor er fornøgd med ein ny seier, men meiner det er ting å rette på før seriestart: Video i VarfjellTV | Emblem om kampen

 

- Det er positivt at me vi og skårar mange mål, men eg saknar større tempo og presisjon i overgangane våre. Me er også litt for avventande i enkelte situasjonar, seier Connor til varfjell.no.

 

{seyretpic id=1319 align=right}Han er likevel fornøgd med å vinne 4-1 mot eit godt Emblem-lag som han trur vil gjere det godt i 5. divisjon på Sunnmøre.

 

- Elles var det positivt at kampen viste at me har mange ungdommar som igjen viser at dei har mykje fotball i seg, seier Connor.

 

1. april kom vårtemperaturane til Vestnes og kampen vart spelt under fine forhold. Magnus Nerheim opna skåringane då han sette ballen i ope mål etter innlegg frå Ronny Leikarnes. Tommy Kanishi Andreassen auka til 2-0 på eit langskot, før Emblem reduserte. Omgangen vart avslutta med eit stolpeskot frå Ronny Leikarnes.

 

{seyretpic id=1320 align=right}Etter pause sto Kanishi Andreassen bak to nye skåringar. Først eit frispark som gjekk via Ronny Leikarnes og i mål, så eit nytt langskot.

 

Dette var andre seier på rad for Vestnes Varfjell, som no har att kampar mot Norborg og Rollon før serien startar.  

 

 

Kampfakta:

Vestnes Varfjell - Emblem 4-1 (2-1)

Treningskamp

Vestnes idrettspark, fredag 1. april 2011 kl 19.00

20 tilskuarar 

Mål:

1-0 Magnus Nerheim

2-0 Tommy Kanishi Andreassen

2-1

3-1 Ronny Leikarnes

4-1 Kanishi Andreassen 

 

Dommar: Mikal Skodjereite, Skodje

Gult kort:

Laget: Marius Sivertsen, Sander Valde (Tor Gunnar Venås), Nirut Mjøs (Svein Erik Lange Male), Marius Ulla, Knut Øyvind Hoem (Tommy Solevågseide) - Yngve Solevågseide (Elling Olafsen), Vegar Skare (Sondre Akselsen), Alexander Connor (Christian Mario Leikarnes), Magnus Nerheim (Azim Ahmadi), Tommy Kanishi Andreassen - Ronny Leikarnes