Vestnes Varfjell hadde små problem med å slå botnplasserte Elnesvågen 2 på heimebane måndag kveld. Laget skåra fem mål i kvar omgang slik at sluttresultatet vart 10-0. Målskårarar: Ole Gunnar Kjærstad 2, Elling Olafsen 3, Tommy Kanishi Andreassen 4 og Nikolai Nyheim Vik. Nyheim Vik debuterte på A-laget. Det gjorde også Justin Berild Sætre som debuterte for A-laget etter at han har meldt overgang tilbake frå Måndalen. 50 tilskuarar såg kampen i Vestnes idrettspark. Kampfakta her