Vestnes Varfjell gjorde eit heilhjarta forsøkpå å ta poeng borte mot serieleiar Dahle, men fekk det vanskeleg etter å ha slept inn to tidlege mål. Eit sjølvmål gav 2-1 til pause. Dahle auka til 3-1 før Elling Olafsen heada inn reduseringa fem minutt før slutt. På overtid meinte Svein Erik Lange Male seg snytt for straffespark, men kampen ebba ut med seier til heimelaget. - Me hadde fortent poeng i dag, sa spelande trenar Alexander Connor etter kampen. Dahle om kampen
Han var spesielt skuffa over måten baklengsmåla kom på. Det første var ein gavepakke frå dommar Stig Gule som dømte indirekte frispark for tilbakespel etter at Svein Erik Lange Male hadde takla ballen i klypene på eigen keeper. Streng fortolking av regelen.
Fleire Vestnes Varfjell-spelarar starta kampen halvskaka og tidleg var det klart at ein strekk plaga midtstoppar Nirut Mjøs.
Dessverre var det han som kom i løpsduell med ein Dahle-spelar etter eit kontring som gav 2-0. I angrepet før hadde Elling Olafsen ein skotsjanse aleine med keeper. Og like før det at var Vegar Skare ikkje langt unna.
Også ein tredje gong hindra Dahle-målvakta redusering etter skot frå Olafsen.
Når det er sagt, starta Dahle kampen med eit skot i tverrliggaren og var også
nære på nokre gongar utanom skåringane.
Vestnes Varfjell hadde ballen mest på stillinga 3-1 i andre omgang, men stanga mot Dahle-muren eller vart avvinka for offside. Ein dobbeltsjanse hadde nær gitt uttelling, først avslutning frå Elling Olafsen etter fint samspel med Tore Akselsen. Så var det Akselsen sin tur til å prøve like etterpå, skotet gjekk mellom beina på keeper, ballen trilla langs streken, men dessverre ikkje over.
I andre enden kom Dahle nokre gongar på kontringar. Keeper Marius Sivertsen varta opp med to gode redningar. Ronny Leikarnes heada like over etter innlegg frå Tommy Kanishi etter 25 minutt.
Reduseringa til 2-3 kom for seint, berre fem minutt før slutt. Elling Olafsen snappa opp eit tilbakespel og heada over ein utrusande keeper. På overtid makta ikkje Vestnes Varfjell å skape noko trykk og då dommaren ikkje var samd i at Lange Male vart sparka ned bakfrå innanfor 16-meteren, var det i staden heimelaget som fekk siste sjanse. Men igjen rydda Sivertsen opp.
I tillegg til Sivertsen viste Bjørn-Vegard Løvik at hans rutine blir viktig for laget i serieinnspurten. Elles var det god innsats over heile linja, sjølv om det mangla det lille ekstra for å sikre poeng. Laget kan likevel vere fornøgd med innsatsen i dei to siste kampane mot lag nummer ei og to på tabellen. Eitt poeng vart gevinsten, det burde vore fire.
No ventar ein nøkkelkamp heime mot tabellnabo Clausenengen fredag. Då er Trond Klokset og Per Kristian Os Nakken truleg tilbake i troppen. Dei var ikkje med til Kristiansund. Også Tarjei Rypdal Eide bør hentast inn i A-lagstroppen i den viktige serieinnspurten. Han har dominert stort på B-laget heile sesongen.
Kampfakta:
Dahle-Vestnes Varfjell 3-2 (2-1)
Dahle kunstgresspark
45 tilskuarar (5 Vestnes Varfjell)
Mål:
1-0 (10)
2-0 (20)
2-1 (36) sjølvmål, Alexander Kvarsvik
3-1 (52)
3-2 (85) Elling Olafsen
Dommar: Stig Gule, Bryn
Gult kort: Bjørn-Vegard Løvik, Vestnes Varfjell (70, munnbruk), ett til Dahle
Vestnes Varfjell (4-3-3): Marius Sivertsen; Marius Ulla, Nirut Mjøs (Sondre Akselsen 86.), Svein Erik Lange Male, Bjørn-Vegad Løvik - Yngve Solevågseide, Vegar Skare, Alexander Connor - Tore Akselsen (Ronny Leikarnes 59.), Elling Olafsen, Tommy Kanishi Andreassen
Frå vår Twitter-dekning: