Vestnes Varfjell slo Rollon 3-2 i ein treningskamp i Ålesund tirsdag kveld. Amund Stavem 2 og Elling Olafsen skåra måla. - Ei fin gjennomføring, der eg er mest fornøgd med førsteomgangen. Til tider viste me bra spel og fleire fekk prøve seg i nye roller. Alle som var med fekk sjansen og me hadde ein debutant i målvakt Håvard Heen Lien som kom innpå i andre omgang, oppsummerer trenar Alexander Connor, som også gir ros til motstandar Rollon.
Rollon om kampen.
- Det var eit godt lag me møtte. Eg trur dei har ambisjonar om å gjere det godt i år. Eg vil også takke for måten me vart tatt imot på. Me følte oss verkeleg velkomne og det mangla ikkje på noko. Ein kjekk klubb å besøke, seier Connor.
Førsteårssenior Amund Stavem vart tomålsskårar. 1-0 kom på ei kontring der Tore Akelsen hadde assist. 2-0 kom ved Elling Olfasen etter fint spelt langs kanten og innlegg frå Tommy Kanishi. 3-1 ved Stavem etter nytt innlegg like etter pause.
Ørjan Tangen var tilbake etter at han var i militæret i fjor. Både Vegar Skare, som har vore linka til Brattvåg, og Tommy Kanishi Andreassen, som har vore på trening med Træff, var med. Connor håpar og trur han får behalde begge to.
- Det ser bra ut med tanke på spelarstallen, seier Connor.
Rollon berga plassen på overtid i 4. divisjon på Summøre i fjor, men har forsterka laget sidan det.
Rollon skryter av Vestnes Varfjell etter treningskampen tirsdag og skriver dette på sine heimesider: "Det overrasker oss mye om Varfjell ikke blir å finne i toppen av 4. divisjon avd. Romsdalen. Det var et lag med gode enkeltspillere og gode samhandlinger og hadde i alle fall hevdet seg heilt i toppen av 4. div. Sunnmøre." Les hele referatet her
Neste mostandar er Norborg, også det eit lag frå 4. divisjon Sunnmøre. Dei gjestar Vestnes idrettspark torsdag 16. februar klokka 19.
Kampfakta:
Rollon - Vestnes Varfjell 2-3 (1-2)
Treningskamp
7. februar 2012 kl 19
Rollonbana, 30 tilskuarar
Mål:
0-1 (16) Amund Stavem
0-2 (25) Elling Olafsen
1-2 (35) Kim Haagensen
1-3 (48) Stavem
2-3 (80) Daniel Gjerde, straffespark
Dommar: Alf Furland, Rollon
Gult kort: Mjøs, Lange Male og Olafsen
Vestnes Varfjell (4-3-3): Svale Leren (Lars Håvard Heen Lien 70.), Ørjan Tangen, Nirut Mjøs, Svein Erik Lange Male, Magnus Nerheim (Per Kristian Os Nakken 46.) - Marius Ulla, Yngve Solevågseide, Tommy Kanishi Andreassen - Amund Stavem (Ole Gunnar Kjærstad 70.), Tore Akselsen (Vegar Skare 46.), Elling Olafsen
(Azim Ahmadi 70.)