ImageVestnes Varfjell tar i kveld imot Skåla i 4. divisjon. Kampstart er klokka 19, noko som betyr at du kan sjå den mellom kveldens to VM-kampar. Litt VM-takter kan det bli også i Vestnes idrettspark då A-laget i heile år har spelt med den offisielle VM-ballen som matchball. Vestnes Varfjell kjem frå uavgjort og tap på dei to siste kampane og må vinne i kveld for å halde tabelltoppen. Program VVIL-Skåla 2010 Program VVIL-Skåla 2010  Om kveldens motstandar Skåla og tidlegare møter:


Laget rykka opp frå 5. divisjon i fjor i pulja med Vestnes Varfjell 2, der gjestane vann 2-0 i Vestnes idrettspark. Siste oppgjer for A-laget var i 1994 også det i 5. divisjon. Ronny Leikarnes skåra alle tre måla då Vestnes Varfjell vann 3-0 i heimekampen. Borte vart det 3-3 etter mål av Rune Amdam (2) og Ole André Orvik.

Skåla ligg nest sist med 6 poeng, men blir ingen lett motstandar av den grunn. Fleire av tapa har vore med eitt mål, og alle poenga er tatt på bortebane. Mellom anna greide laget frå Nesjestranda og Hovednakken det Vestnes Varfjell ikkje greidde sist, nemleg å slå Træff 2 på bortebane. Alle kampar >> Trenar er Svein Kåre Gautvik, som tidlegare har trent mellom anna Rival og Elnesvågen.

Tidlegare møter:
1994, 5. divisjon:
Skåla - Vesntes Varfjell 3-3 (Rune Amdam 2, Ole André Orvik)
Vestnes Varfjell - Skåla 3-0 (Ronny Leikarnes 3)

1993, 6. divisjon:
Varfjell - Skåla 1-1 (Terje Dahl)
Skåla - Varfjell 7-2 (Rune Amdam, Ronny Leikarnes)

1991, 5. divisjon:
Skåla - Varfjell 9-0
Varfjell - Skåla 0-3

1990, 5. divisjon (dagens 4. div):
Skåla - Varfjell 3-2 (André Sylte, Harald Innli)
Varfjell - Skåla 1-1 (Frode Vestnes)