
Avgjorde sist: Arjan Hulsker
Ein ny treningskamp er avtalt for A-laget
til Vestnes Varfjell, og også denne gongen går turen
over Ørskogfjellet. Hareid blir motstandar på Hareid
tirsdag 13. mars. Laga har samtidig avtalt å møtast
på Vestnes neste år. Hareid har kjempa i toppen i 3.
divisjon på Sunnmøre i fleire sesongar, men klarte
ikkje å komme med i den nye fylkesserien. Sist laga
møttest var i
vinterserien i Sunnmørshallen i 2001
då Arjan Hulsker sytte for 1-0-seier. Dette
skriv Hareid om
Vestnes Varfjell:
"Hareid får besøk av Vestnes Varfjell tysdag 15. mars.
VV er eit tradisjonsrikt lag, og har forstra opp mange store
profilar i norsk fotball - ikkje minst legenda Bernt Hulsker. I
år spelar VV i likskap med Hareid i 4.-divisjon. Sidan VV
kjem til Hareid denne vinteren, har vi i same slengen avtala at
Hareid kjem til Vestnes for å spele treningskamp neste
vinter."
Artikkelen er illustrert med eit bilde av Bernt Hulsker og denne
bildeteksten: "Det har vore spekulert i kor vidt Bernt Hulsker
returnerer til Vestnes Varfjell denne sesongen."