Vestnes Varfjell skal ut i vanskeleg bortekamp mot Molde 3 torsdag kveld. - Vi har for tida litt liten stall grunna skader, skulegang og jobb, men vi reiser til Molde for å ta tre poeng, seier trenar Alexander Connor til Bygdebladet. Ein av dei som ikkje er med er spissen Amund Stavem. I Vestnesavisa kan me lese at han er på ferie i Tyrkia der han held forma ved like på tredemølla. Kampen mot MFK 3 har avspark klokka 19 på Årølia kunstgras. Førehandsinfo finn du her.