Vestnes Varfjell møter Kristiansund FK borte i 4. divisjon i kveld. Heimlaget kan me gratulere med vel overstått 100-årsdag. Med seier er laget tilbake på tabelltoppen med ein kamp meir spelt. Denne kampen er returmøte frå 1. serierunde og framskunda frå hausten. Avspark på Gressbanen er kl 19. Dette har skjedd (klikk F5 for oppdateringar): 0-1 8 min Tore Akselsen på straffe etter at keeper felte Tommy Kanishi. 0-2 10 min. Ny straffe og igjen er Akselsen sikker. Ørjan Tangen vart felt. 1-2 36 min. Ser ut til å vere kvelden for straffespark. Varfjell-målvakt Alexander Aarø feller og Mujo Mesan reduserer. 1-3, 40 min. Amund Stavem headar i mål etter corner frå Tore Akselsen. 1-3 fortsatt 75 min. Karl Arne Stokkeland inn for Tore Akselsen (75). 2-3 85 min. Ronny Leikarnes inn for Amund Stavem (85). Slutt. Vestnes Varfjell vinn 3-2. Takk til oppmann Karl Ivar Skare for oppdageringar. Lagoppstillingar>>